Gjengen på bildet over har alle bakgrunn frå skulemusikken, og dei har til felles at dei alle har spela i Hordaland Ungdoms Brass Band (HUBB). Dette regionskorpset blei starta i 2006. Det hadde fire helgesamlingar i året. Allereie i mai 2007 var Vegard Døssland på prøvespeling og fekk plass i korpset som første kvinnhering og yngste medlem i det dåverande korpset. Etter han fulgte fleire uskedelingar. Vegard, Birgitte Hjelmeland, Sindre Aksnes og Bjørn Naterstad(repr. rett nok Rosendal) var dei med lengst fartstid. Dei fekk oppleva mange flotte konsertar der det også var med mange kjende solistar som Tor Endresen (song), Frode Alnes (gitar), Bjørn Jensen frå Salhusvinskvetten (song) og ikkje minst verdsstjerna Tine Thing Helseth, – forbildet som Vegard fekk oppleva å spela duett med. Han hadde elles fleire solistoppgåver i korpset, og blei m.a. henta til samling etter han var slutta for å vera solist under markering av 200 årsjubileet for Grunnlova på tusenårsstaden Gulatinget.
Bildet over er frå Hubbsamling i Uskedalen i 2011 der 6 medlemmer av skulemusikken var med. I tillegg til dei som alt er nemnde ser vi Kaja Døssland, Eirin Rørheim Kjærland og Lene S. Myklebust.
Hubb var eit svært inspirerande og utviklande tilbod til skulemusikantar, og det er av stor verdi at Eikanger Bjørsvik tok på seg å driva ungdomskorpset vidare då det såg ut til å gå mot slutten for to år sidan. Når får vi oppleva neste uskedeling i Hubb?? Det treng ikkje bli lenge til. Det er gode kandidatar i korpset no.

Sindre Aksnes var sentral i slagverksgruppa i Hubb i ein del sesongar! Sjølv om han var sjuk var han også med på deler av samlinga i Uskedalen, men var ikkje til stades då biletet over blei teke.

Dagens to heldige vinnarar er:

  • Nr.157 har vunne arbeidslampe med bluetoothhøgtalar gjeven av Halsnøy Trelast.
  • Nr.445 har vunne Dumper (Bruder), på bildet, gjeven av Haugland Mjølk og Maskin/Bondekompaniet.

Vi gratulerer. Gevinstane kan hentast på Auto 88.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kjell Harald Tungesvik.