Halve desember er alt gjort unna, og det er berre 10 dagar att til julaftan. Tida flyg. Og den flyg fort!! Dessverre blir det meldt om verskifte, og skal vi tru vermeldaren blir det kalde fine veret avløyst av regn i store mengder.
I går hadde skulemusikken eit kjempekjekt arrangement med juleavslutning i Helgheim.
Bildet vårt i dag viser kva ein av dei heldige vinnarane våre får, – Jotunheim sekk og termos. Denne turinviterande gevinsten er gjeven av Sport 1, Rosendal.

Dei to heldige vinnarane er:

  • Nr.20 har vunne sakser gjevne av Fredheim Gartneri
  • Nr. 439 er heldig vinnar av ovannemnde Jotunheim tursekk og termos frå Sport 1, Rosendal

Gratulasjonar til begge dei heldige som kan stikka innom Auto 88 og henta gevinstane sine.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kjell Harald Tungesvik