Musikarane imponerte, og kjempekjekk musikkquiz!

Det var ein særdeles kjekk time i Helgheim då skulemusikken inviterte til musikkquiz og konsert i kveld. Ramma rundt det heile var musikkquizen, og det konseptet er så kjekt, spennande og vellukka at lesarane våre fortener ei forklaring på korleis det føregår.
Det starta med at det blei spela nokre få tonar eller taktar frå kjende julesongar, eller songar med tilknyting til jul. Til saman var det 13 oppgåver, og musikksnuttane blei framført vekselvis av heile korpset, smågrupper eller enkeltmusikarar. Dei deltakande laga rundt småborda skulle så skriva titlane på utleverte svarark.
Etter at alle 13 oppgåvene var servert, var det ein kort pause før vi fekk høyra alle 13 nummera i sin heilhet. Det blei ein flott konsert!!! Slik fekk vi fasit, og svararka blei “byteretta”.
Vinnarar blei trioen som blei døypt “Gamle poteter og gamle poeter”. Dei hadde alt rett, men det var hard kniving i toppen.
Underteikna er svært, svært imponert over det musikarane presterte både som samla korps, som grupper og solistar. Det har vore veldig god utvikling under Tor Skeie Olsen si leiing. Det høyrdest godt!! Musikarane har tydelegvis øvd godt, og til slutt i programmet fekk dei eit velfortent gåvekort som julepresang frå styret. (Bildet over.)
Dette var ein kjempegod måte å presentera ein konsert på! I bildeserien som følgjer presenterer eg musikarar, og kva songar som blei spelte.

Korpset spela 4 av songane: Joy to the World, Jingle Bells, Carol of the Bells og We Wish you a Merry Christmas.
Anna spela Share my Yoke.
Trioen Ola, Erle Marie og Anna spela All I Want For Christmas
Anders spela Vi tenner våre lykter på klokkespel.
Ebba spela Det hev ei rosa sprunge.
Nora spela Eg er så glad kvar julekveld.
Ann Cecilie spela Last Christmas.
Margrete og Ylva spela Julekveldsvisa.
Erle Marie spela Jon Blund.
Anders spela Deilig er jorden.

Etter konserten kunne publikum og musikarar kosa seg med saft, kaffi og masse kaker. Heilt til slutt var det premiering og gåveoverrekking.
Korpset har nett hatt øvingskonkurranse, og der hadde alle vore så flinke å øva at det vart trekt ut to vinnarar. Dei heldige blei Nora Tungesvik og Margrete Feet. Som tidlegare nemnt fekk alle musikarane gåvekort medan dirigent Tor Skeie Olsen fekk overrekt blomekorg. Han fekk også svært rosande ord frå Marianne Korsvold i styret som leia samkoma. Tor Skeie Olsen har no vore dirigent i Uskedal Skulemusikk i 13,5 år, og skal ha ein svært stor del av æra for at Uskedalen har så flink skulemusikk i dag. Det er imponerande å følgja utviklinga til både enkeltutøvarar og korpset. Tonen i instrumenta til kvar enkelt. og klangen i korpset er god.

Blomekorga som dirigent Tor Skeie Olsen fekk overrekt frå alle i Uskedal Skulemusikk ved Anne Sofie Feet og Marianne Korsvold var særs velfortent. Han gjer ein super jobb i Uskedal Skulemusikk.

Desse musikkquizane har vore så vellukka, at det kjem nok fleire. Då anbefaler eg alle å bli med. Dette er ei gøy konsertform!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.