
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 2022 - 8.desember.
I går hadde Ann Cecilia (bilde) og resten av skulemusikken siste ordinære øving før julekonserten i kyrkja søndag kl.18. Ann Cecilia speler kornett, og no skal ho og resten av gjengen i skulemusikken møtast søndag ettermiddag til oppmarming og siste finpuss før konserten. Det har no vore 2 år utan denne konserten, og nedanfor er eit noko uklart bilde frå konserten i 2019. Det viser dei som var aspirantar det året. No er dei ein viktig del av grunnstamma i korpset.

Vinnarnummera i dag er:
- Eigar av kalendar nr. 31 har vunne gode og varme strikkasokkar til vaksne.
- Kapp- og gjærkasse med sag, gjeven av Øybygg/Montèr Kvinnherad er vunne på nr. 58.
Vi gratulerer begge vinnarane og ønsker alle velkomne til stemningsfull julekonsert søndag kl.18.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland