Vesle juleaftan er her, og i dag er det skulemusikken sin dyktige dirigent Tor Skeie Olsen som prydar bildet. Alle i og rundt skulemusikken er veldig glade for at det er akkurat Tor som styrer pinnen i korpset. Med sitt lune og godt likte vesen passar han og musikarane saman som hand i hanske. Slik har det vore i mange år, og det held heldigvis fram. Tor er no midt i sin 13. sesong med korpset. Før det kjende han også til korpset etter å ha hatt seminar med dei. Med si lange fartstid er Tor snart den som vore dirigent i Uskedal skulemusikk lengst tid. Berre oppstartdirigenten Sigurd Wang har lengre tid med sine 14 år.
Tor har også hatt ei lang karriere som musikar etter at han starta i Rosendal Skulekorps. No speler han flügelhorn i Rosendal Musikklag. Tidlegare har han vore fast ein del sesongar både i Tysnes Musikklag og i Askøy Brass. At han er dyktig på instrument og, viser det faktum at han har vunne solistpris både i NM for brassband og i Siddis Brass.
Tor seier at han trivest svært godt med musikarane i skulemusikken, og han kan ikkje undersreka sterkt nok den gode jobben styret og foreldregruppa gjer, og det gode samarbeidet med dei.
– Det gjer jobben både enkel og kjekk for meg, sa han nyleg til publikum under skulemusikken sin julekonsert i Helgheim.

Vinnarane i dag er:

  • Gåvekort på EU-kontroll og vindusviskarar til verdi av 2000,-kr, gjeve av S. Rødsten bilforretning AS, er vunne på kalendar nr. 34.
  • Ein nydeleg stor og rund hekla duk er vunnen på nr. 573.

Vi gratulerer vinnarane!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland