Ebba Hermann Fossli (bildet) er ei allsidig og aktiv jente med gode evner i mange retningar. I skulekorpset spelar ungdomsskuleeleven solokornett, og i tillegg til musikk er ho aktiv i ulike idrettsdisiplinar i tillegg til at ho har avslørt eit svært godt teatertalent.
På kornetten har ho komme langt. Dette er resultat av god og systematisk heimeøving, at ho er elev i kulturskulen og siste året har ho spela med Rosendal Musikklag i tillegg til skulekorpsaktiviteten. Fleire somrar har ho vore på NMF sine sommarkurs som er eit topp tilbod både musikalsk og sosialt. Med all si erfaring er det heilt naturleg at skulemusikk-dirigent Tor Skeie Olsen nyttar seg av Ebba sine kvalifikasjonar når det er behov for gruppeinstruktør.

Dagens vinnarar er:

  • Eigaren av kalendar med nr. 470 er den heldige vinnar av varmepumpeservice til verdi av 2000,-kr.
  • Grus frå Hardanger Rock AS til verdi 2000,-kr er vunne på nr. 577.

Vi gratulerer dei to heldige vinnarane.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland