I dag er det ei litt spretten nisseutgåve av Erle Marie og Nora som blir presentert på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar. Både Nora som bur på Dønhaugstølen, og Erle Marie som bur på Neset, speler kornett. Begge dei to aktive jentene trivest godt på instrumenta sine. Faren til Nora, Kjell Harald Tungesvik, er dessutan “adventskalendargeneral” og har gjort ein ekstra stor innsats med den. Mødrene til begge, Marianne Korsvold og Malin H. Tungesvik, er med i det driftige styret i skulemusikken.

Dei heldige vinnarane i dag er:

  • Eigaren av kalendar nr. 207 har vunne ein garasjejekk, verdi 499,-kr, gjeven av Farge og interiør, Lio sag og treforedling.
  • Den som har nr. 535 er heldig vinnar av gavekort på 300,-kr frå Friheim Gardsmat, og kan ta turen dit og få seg noko av dei gode kjøtvarene dei lagar.

Vi gratulerer begge vinnarane. Gevinstane får dei på Auto 88 AS når dei møter opp med kalendaren sin.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland