
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 2021, 17.desember.
I dag presenterer vi ein av dei eldste musikarane i skulemusikken, Nelly. Ho spelar euphonium og er ein svært ivrig korpsmusikar. Ho speler også i Rosendal skulekorps så dermed er mykje av fritida fyllt med korpsaktivitetar. Ho bur på Eikelandet og er elev i 8.klasse ved Rosendal ungdomsskule.

Dei heldige vinnarane i dag er:
- Eigaren av kalendar nr.424 som har vunne eit gavekort på 500,-kr frå Spar Uskedalen.
- Den som har nr.326 har vunne den nydelege heimestrikka gensaren i barnestørrelse som de ser på bildet over.
Vi gratulerer dei to heldige som kan henta gevinstane sine på Auto 88 AS. Hugs å ta med kalendarane.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann og Thor Inge Døssland