Blant dei unge uskedelingane som har starta i korpset dette året, er også Mileah på bildet. Ho bur på Kjærland, var aspirant i fjor, og no er tredjeklassingen godt i gong i korpset. Mileah spelar althorn, og med å læra seg notar og å spela har ho sikra seg ein kjekk hobby som ho kan ha heile livet.
Siste tida har Mileah og resten av korpset naturleg nok øvd mest på julemusikk.

Dagen heldige vinnarar på adventskalendaren er:

  • Eigar av kalendar nr. 15 har vunne sjømatpakke frå Brødrene Hjønnevåg AS.
  • Eigaren med nr. 486 på adventskalendaren har vunne gåvekort på 300,- kr frå Gros Blomster.

Vi gartulerer deo to heldige vinnarane. Dei kan ta kalendarane sine med til Auto 88 AS så får dei gevinstane sine.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.