Då er vi komne til Luciadagen som blir markert til minne om heilage Lucia som, i følge legenda, leid martyrdøden under kristendomforfølgingane i Romarriket på 300-talet. I Norden er den blanda saman med den gamle norrønne lussitradisjonen.
I Norge blir dagen særleg markert på skular og i barnehagar der dei går lysprosesjon, syng og deler ut lussekattar. I år vert dagen også markert her i Uskedalen på Kvinnherad turlag sin adventstur til Flåtene.
Vi går inn i andre “halvlek” på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar, og på bildet ser de gevinstane i går og i dag: vaskesett til bil frå Auto 88 AS, bluetooth høgtalarar frå Halsnøy Trelast AS, kanttrimmar frå Hageland Fredheim og gåvekort frå Friheim Gardsmat. Skulemusikken er svært takksam for desse og alle dei 44 andre gåvene!

Dagens heldige vinnarar er:

  • Eigaren av adventskalendaren med nr. 352 har vunne Gardena kanttrimmar gjeven av Hageland Fredheim i Rosendal.
  • Eigaren med nr. 318 har vunne gåvekort på 300,-kr frå Friheim Gardsmat.

Vi gratulerer dei heldige vinnarane som kan ta kalendarane sine med seg og henta gevinstane på Auto 88 AS på Brekketoppen. Vi minner om at alle gevinstar må hentast før 11.januar 2022.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland