Kvinnherad turlag har sett seg som mål å gjennomføra minst ein fellestur kvar dag i adventstida. Kvar bygd har fått sin turdag. Mandag 13. desember er det Uskedalen sin tur. Vi vonar mange blir med oss på denne turen. Og på den måten visa at også folk i vår bygd er glade i natur og friluftsliv.


Luka i Kvinnherad turlag sin adventskalender går som sagt til Flåtene, eit flott turmål i Eikedalen i Uskedalen. Vi slår oss ned ved gapahuken. Vi startar frå Vassverket kl 17. Om du er usikker på vegen til Vassverket,er det berre å fylgja merkinga til Englafjell som startar der Eikevegen byrjar ved fylkesvegen, rett utanfor Eikebrua. Går så den øvre stien opp til Flåtene. Går gjennom roleg granskog og høyrer susen frå elva. Flåtene er ei fin stor open slette. Her har sauer og kyr – i generasjonar – kost seg med saftig godt gras. Og vi som går på to bein har plukka litervis med blåbær og tyttebær.


Ved gapahuken, som dugnadsgruppa har sett opp, lagar vi bål, serverer varm gløgg og lussekatter. Det blir stummande mørkt så alle må ha med seg lykt, og alle må kle seg etter veret. Vi håpar på brukande turver.


Fint om den som vil vera med, sender ein liten sms, eller ringer til 48893150. Men alle kan vera med utan fyrst å ha sendt melding.

Turleiarar Steinar Kroka og Kjell Yri

Tekst: Kjell Yri
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal