Då er vi endeleg i desember, spenninga rundt skulemusikken sin adventskalendar kan starta. Styret vil aller først takka dei som har gjort sitt til at kvar einaste kalendar er selt. Mange har bidrege til det: Mange gode støttespelarar som kjøper kalendaren. Supre sponsorar som har gjort sitt til at gevinstlista er fyldigare og betre en nokon gong! Flinke foreldre som har vore i aktivitet for å spørja etter gevinstar. Musikarane og foreldra deira som har gort ein fantastisk seljarjobb saman med Gros Blomster.
– Og så er vi takksame for at Auto 88 AS deler ut gevinstane, og at uskedalen.no publiserer vinnarnummera kvar dag. Tusen takk til alle som støttar og hjelper oss, seier dei gode folka i skulemusikkstyret.

Så er det klart for å dela ut dei to første gevinstane:

  • Heimestrikka vottar er vunne på kalendar nr. 46.
  • Lynghonning frå Skorpehonning er vunne på nr. 273

Vi gratulerer vinnarane og kjem med to nye vinnarnummer i morgon!

Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Uskedal skulemusikk