Adventskalendaren til skulemusikken har vore eit fast og svært så populært innslag i førjulstida dei 8 føregåande åra. Heldigvis blir denne tradisjonen som skaper så mykje spenning og god førjulsstemning rundt om i heimane, ført vidare også dette året. I fjor hadde den rekordmange gevinstar. Styret i skulemusikken er allereie i gang med førebuingane, og dei håpar at nokre av lesarane vil hjelpa til med gevinstar også i år. Derfor har dei sendt uskedalen.no meldinga nedanfor.

Uskedal skulemusikk er i gong med planlegging av årets adventskalender. Me ynskjer og håpar at det er nokon som har lyst til å hjelpa oss med å skaffa ulike ting til å ha til gevinstar.
Me ser at heimelaga ting er svært populært. Likar du, eller kjenner du nokon som likar å strikka, hekla, sy, tova og liknande, og ynskjer å bidra – ta kontakt med Monica Hermann (mobnr 90635493) eller Haldis Åkra (mobnr 97043869).
Me sponsar innkjøp av utstyr-viktig at de tar vare på kvittering.

Tekst: Uskedal skulemusikk, styret
Nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto av utsnitt av fjorårets kalendar