I dag har Uskedalen skule hatt ulike aktivitetar, for alle klassar, for å markera samane sin nasjonaldag. Vi er så heldige ved skulen vår at vi har fleire elevar med samiske genar i blodet. Ein av desse er Ailo Mathias Lægland Eira (bildet over). Saman med klassekameratane sine og lærarane i 7.klassen har han hatt mykje av regien for ulike aktivitetar gjennom dagen. 

Elevane fekk prøva seg i kunsten å kasta lasso.

Ailo Mathias har vist fram flotte bilete til alle klassane frå reindrifta på Finnmarksvidda, og fortald korleis mykje av dette arbeidet foregår. I tillegg har alle klassane fått prøva å kasta med lasso, under god rettleiing frå fleire gutar i 7.klassen. Andre elevar i 7.klassen laga bidos på kjøkkenet, og alle klassane fekk ein liten smaksprøve.

Vi rettar ei stor takk til Spar for at dei sponsa oss med store deler av maten. Elevane i 7.klassen har og laga vennskapsband til fadderborna sine, i tillegg til at dei har laga seg amulettar med samiske teikn på sløyden. Fadderborna i 3.klassen fekk og sjå dramatiseringa av eit eventyr som handla om Stallo, ein mytisk figur som opptrer i ulike roller i samisk folketru.

Frå dramatiseringa av eventyret om Stallo.

Elles har alle klassar hatt samane sin nasjonaldag som gjennomgåande tema heile veka. Der har dei sett ulike filmar, skrive ulike typar tekst og sett på skikkar og vanar frå samisk kultur.

Tekst og foto: Odd Steinar Arnesen
Nett: Thor Inge Døssland