I dag, fredag 6. februar, er Samedagen, nasjonaldag for alle samar i dei nordiske landa og i Russland. Samedagen vart innført med vedtak i 1992. Det er offisiell flaggdag og det er valfritt om ein vil bruka det norske eller det samiske flagget. Uskedal skuledag har markert Samedagen dei siste ti åra.

I grupper går elevane Skulestien og løyser oppgåver, henta frå samisk kultur og historie.

I dagane fram til Samedagen i dag har klassane førebudd seg, mellom anna med bruk av kultursti med oppgåver henta frå samisk kultur og historie. I skulestien er det utplassert 14 oppgåveark. I grupper går klassane runden og finn svar på spørsmåla.

Bileta er henta frå oppgåveløysing onsdag i denne veka.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal