Uskedal skule held på tradisjonen med skulegudsteneste.
Uskedal skule, som dei fleste skulane i Kvinnherad, held på tradisjonen med skulegudsteneste i adventstida. Etter det formelle vedtaket om skilje stat – kyrkje har debatten gått om praksis med skulegudstenester. Det handlar for det meste om kor langt kyrkja er livssynsnøytral eller livssynsopen, inkluderande og dermed open for alle. På skulegudstenesta i går tidleg var det tekstlesing ( juleevangeliet ) og lystenning av 7, klasse elevane. Neste samling i kyrkja er julegudstenesta kl. 14 på Juleafta. Songgruppa Singing Tweens vert med. Alle er velkomne.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Uskedal skule