Alle klassane på Uskedal skule er i dag ute på strandrydding, på det som truleg er verdas største strandryddeaksjon. Dei ynsgte elevane held seg i nærområde i Stølavikjo, 4. og 5. klasse er i Beinavikjo og dei eldste i Gullvikjo. I fjor vart det det med base i Rosendal samla inn 20 tonn avfall. Det er viktig å ta plasten før den vert broten ned til mikroplast. Forsking den siste tida syner dei gode resultata det er med innsamling så tidleg som det let seg gjera. I dag handlar det om overflaterydding. Ein skal vera varsam med å grava opp og rota i plasten som ligg i jorda og og i tang og tare. Kjerneområde i år er Kvam med base i Norheimsund. Uskedal skule har vore med på ryddinga før, saman med firma, grupper og mange frivillige i Kvinnherad.

Elevar i 5. klasse samlar plast og anna avfall i Beinavikjo.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal