
Uskedal skule deltek i den store ryddeaksjonen Rein Hardangerfjord.
Rein Hardangerfjord er ein stor og omfattande fjordryddedugnad. Målet er å rydda marin forsøpling langs heile HARDANGERFJORDEN. Dato: Torsdag 19. september 2024. Alle kan vera med på dugnaden i tidsrommet kl 09-15 Elevar frå Uskedal skule har dei siste åra plukka søppel i Beianvikjo, Stølevikjo og på friområde i Gullvikjo. Alt søppel vert levert til samleplass på kai i Dimmelsvik.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto - 2023