
Uskedal musikklag kompa til rullatorløpet på Rosendalstunet.
Har du høyrt om rullatorløp ? Ikkje det. I dag hadde du sjansen til å sjå, men også vera deltakar på rullatorløp, det som må vera ei nyskaping i Kvinnherad. Musikklaget med trommisane Kjell Borge Olsen og Bjørn Ove Sunde slo rytmen og i rad og rekkje gjekk alle med rullator rundt på tunet.
Elles gjennomførte Veteranbandet konsert. Veret var litt ustabilet og kaldt, men det sette ikkje ein dempar på gjennomføringa. Det skein etterkvart opp og varmen kom.

Konserten på Rosendalstunet i dag var ein del av mange tiltak Frivilligsentralen gjennomfører i vekene framover. Noko heiter Eldrefestival i perioden 10. – 14. juni. Målet er å vera sosial og redusera einsemd. I tillegg er det noko som heiter Opne hus, kva tysdag kl. 12.00. Her er det snakk om å oppleva noko kulturelt, oppleva nkko i naturen eller berre læra noko nytt saman med andre.
Program for Eldrefestivalen og for Opne hus finn du nettsida til Kvinnherad kommune, hos Friskus og i brosjyren om Opne hus.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal