Uskedal Musikklag inviterer til 90-års markering.
Søndag 1.mars kl.16 blir alle invitert til markeringa
Uskedal Musikklag blei skipa 1.mars 1936. På same dato i år legg korpset opp til å feira at dei rundar 90 år. Dei håpar at mange vil vera med på markeringa som blir i Helgheim søndag 1.mars kl.16.
Laget legg opp til eit kjekt program som skal avspegla korpset si historie og deira særpreg. Sjølvsagt blir det tid til både kaker, kaffi og god drøs innimellom programinnslaga. Det er venta at det heile skal vara om lag 2 timar.

Naturleg nok blir det musikk av korpset. Dei opnar stunda med 5-6 instrumentale nummer og avsluttar det heile med omtrent like mange allsongnummer. Allsongprogramma med Kristian Bringedal som forsongar er på mange måtar blitt korpset sitt varemerke.
I midtøkta blir naturleg nok laget si historie presentert, og laget meiner det blir gjort på ein lett og publikumsvennleg måte. Det heile er bygd opp rundt ein mimresamtale med 4 tidlegare og noverande musikarar med lang fartstid i korpset. I tillegg til deira historiar blir økta krydra med:
- framføring på dei første instrumenta av ei lita gruppe
- ein trio syng ein song til Guttemusikken som Amanda Wang skreiv til deira eittårsdag.
- det blir spelt opptak av musikklaget frå 1950-talet
- truleg blir det også vist musikklagsbilde på lerret under kaffiøkta
- nokre overraskingar som ikkje treng å røpast her, blir det truleg og.
Laget trur det blir ei ekstra triveleg stund i Helgheim, og dei håpar sjølvsagt at mange tar turen og blir med på feiringa.
Tekst: Thor Inge Døssland Foto/nett: Kristian Bringedal