Uskedal Musikklag har tru på framtida - fem nye medlemer, fleire kjem til.
Uskedal musikklag har jobba rekruttering dei to siste åra. Mykje er tenkt og gjort. No ser det ut for at arbeidet vil lukkast. På det opne drøfitngsmøte i kveld møtte fem nye musikantar, fire av dei med bakgrunn frå B gjengen og Rosendal musikklag, ein trommis med tenestetid i Uskedal musikklag for over 30 år sidan. Frmmøte var ikkje det beste i kveld, men drøftingane var desto betre. Thor Inge Døssland leia møte. presist med struktur som resulterte i gode tiltak for å sikra eit musikklag i bygda. Det meste handlar om å tenkja fornying som ei motivering for å få fleire yngre medlemer inn i korpset. Bilete: Framme f.v: Monica Hermann, Ingrid Lund og Margrethe G. Mehl. Bak f.v: Per T. Skåle og Bjørn Ove Sunde.
Av konkrete tiltak nemner vi :
- Fleksible øvingstider som høver for ei variert brukargruppe, også for dei som er i arbeid og går opå skule
- Felleskonsertar med andre korps
- Repetoar som fengjer
- Eigne opne konsertar som verkar motiverande på andre om å vera med på
- Vera opne for unge medlemer utan for mykje erfaring, men som ynskjer å prøva seg
- Institusjonsspeling og allsongprogramma held fram, men det er ikkje i desse miljøa ein hentar nye medlemer
- Syna positiv interesse for Uskedal Skulemusikk, også med tanke på rekruttering
- Framsnakk det å vera med i eit korps. Snakk med dine sambygdingar.
Møte var prega av optimisme og tru på eit musikklag med evne til fornying og utvikling.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal