Uskedal Musikklag syner sosialt engasjement og ansvar då dei legg opp til song- og musikkstunder på sjukeheimane i kommunen. Før har musikklaget vore på Rosendalstunet. I går gjekk turen til Halsnøytunet. I kantinen der DILL hadde sin kafe, samlast nokre av bebuarane og personale til ein liten songtime. Musikkaget spelar til og innimellom syng dei også. Repetoaret er kjend for dei fleste, men det vil alltid vera noko nytt. slik som Songen frå vest. Med repetisjon syng den seg inn. Skal gamalt venskap kverva bort er kjend, særleg frå programmet Syng med oss frå Grieghallen på 1980 talet. Nytt for mange er det at forfattaren er Robert Burns, nasjonalpoeten frå Skottland. Dødsdagen hans 25. januar er nasjonaldagen i heimlandet hans. Burns hadde lenge bilete sitt på pundsedlane. Musikklaget er stadig på farten. Det neste er julegrantenninga på fredag. Så går det slag i slag med julekonsert og truleg nokre julefestar.

Nokre av dei frammøtte bebuarane samla til song – og musikkstund på Halsnøytunet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal