Uskedal Musikklag er på alle høgder. Pangopning.
Å driva eit musikklag er og har vore opp- og nedturar, slik også for Uskedal Musikklag. Ut frå det vi fekk høyra og oppleva på jubileumsfesten, er musikklaget på alle høgder, i godt driv og god utvikling. På dagen 1. mars 1936 var skipinga. I samtalen med noverande og tidlegare medlemer fekk vi lagssoga fortald på ein ledig og levande måte.

Eit av høgdepunkta var ei pangopning med Jubilanten, marsj dirigert av komponisten Per Olav Paulsen frå Sagvåg, Ikkje nok med det. Kjersti Nilsen Børve overraska alle i salen då ho stod fram som tamburmajor. Tambur er ein som leiar militærmusikken. Ho var bestemt. Blåste av og bad korpset starta på nytt.
Instrumenta frå 1936 låg framme og vart brukte til framføring av No livnar det i lundar. Fana, teikna av Thor H. Myklebust, sydd av mor og dotter, Tora og Ester Myklebust, var utsstllt. Ester ( Mørstad ) var ein av fleire inviterte gjester på festen.

Bolk 2 frå 90 års markeringa kjem i eige innlegg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Inga Tveito
