Uskedal kyrkjelyd har i fleire år hatt barneheimen/skulen i Umred, India som sitt misjonsprosjekt. Saman med Inger Elise Helgeland, Lina og Margunn Håland var eg på besøk på barneheimen i januar 2020. Det var ei stor oppleveing. Planen var å visa bilete frå turen på ein temakveld i kyrkja. Sidan landet vart stengt ned av koronaen har det vorte utsett. Margunn Håland har tett kontakt med pastor Effi, kona Mary og resten av familien der. Effi sender oss regelfast nyhendebrev.


I desse dagar er det ekstra mange som slit. Dei kan kjøpa mat mellom kl. 07.00 og 11.00. Utanom den tida er det portforbod. Politi patruljerar i gatene for å sjå at folk føl forbodet. I slummen i Malik-Nagar er det eksta stor naud. Når folk ikkje kan gå ut, kan dei heller ikkje få små jobbar, gjerne innan bygg og anlegg, eller tigga frå reisande. Arbeid blir ikkje lyst ut og dei reisande er heilt borte. Med dagstemperatur på over 40 grader og knappe 10 grader mindre om natta kan ein berre tenkja seg korleis det er i dei små husa utan straum og vatn.

Effi og familien har for mange vore det faste haldepunktet, også før denne krisa. Utanom barneheimen driv dei skulen i Malik-Nagar, og dei har starta syskule for kvinner der. Når det no kom desperate bøner om mat, gjorde dei det dei kunne. Effi var i landsbyen og skreiv liste over dei som trong hjelp. Han kjenner familiane og prioriterer ut frå kunnskap. Ungdomar som tidlegare budde på barneheimen er også mellom dei trengande. Det vart kjøpt inn mykje mat. Alt vart delt etter kor mange medlemer det er i familien.

Frammøte og registrering før matutdeling i slumområde Nagar. Effi organiserer og er ansvarleg.

På dagen for utdeling var det lang kø til barneheimen. Alle som fekk matpakkar vart kryssa ut frå lista. Effi og Mary sender ei stor takk til alle i Noreg som har vore med og gjeve håp i kvardagen for folka der. For oss kostar det lite – for dei er det uvurderleg hjelp. Dei lyser Guds velsigning over alle gode hjelperar.

Tekst: Eli Roseth Eik
Foto: Privat
Nett: Kristian Bringedal