Uskedal sokneråd kan no syna fram den ferdige prosesjonskrossen med karveskurd, laga av Ståle Eik. Krossen vart fyrste gong brukt og synt på konfirmasjonsgudstenesta og seinare på 17. mai. Uskedal kyrkje har ikkje hatt eigen prosesjonskross før. Ved nokre høve har ein lånt kross frå andre kyrkjer. No er prosesjonskrossen på plass i kyrkja, sentralt plassert ved talarstolen. Les meir kva Ståle Eik fortel om arbeidet med å laga krossen:

Prosesjonskrossen med karveskurd er laga i eik.

Eg var litt usikker på kva tresort eg hadde som kunne høva til denne oppgåva. Det gjekk nokre dagar før eg kom på at det stod nokre bøkeplankar frå tuntreet vårt til tørk i garasjen. Bøk er eit av dei
hardaste treslaga våre og er difor tungt å skjera i, men det er eit utruleg fint materiale. Eg har prøvt å skjera karveskurd i bøk før så eg visste det skulle gå. Det vart så laga ei enkel skisse som soknerådet godtok.

Karveskurden som er nytta er ei mykje nytta rose som er litt enkel og heller grov i mønsteret slik at den kan vera synleg på litt avstand. Søkjer vi på «Karveskurd» så får vi opp dette: Karveskurd er treskurd av dekor med geometriskemotiver der sirklar og rutemønster kan teiknast opp med passar og linjal.

Ståle Eik gjekk i si tid på kurs i treskjering med Kurt Hjelmeland som lærar. Karveskurden har han berre starta med som dekor på dreia fat og skåler.

Kom i kyrkja og sjå det fine arbeidet Ståle Eik har gjort. Neste gudsteneste er sundag 18. juni.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal