Uskedal Historielag har no 41 betalande medlemmer. Desse får nokre ekstratilbod som redusert pris på bok, tilbod om kurs i skanning, fotobehandling mm. og invitasjon til turar og møte. Laget treng epostadressa til alle medlemmer som har epost, men manglar halvparten. Viss du er medlem og ikkje har fått epost frå laget, ber vi deg om å senda emailadressa til staale.eik@gmail.com, eller skriva det i kommentarfeltet på post som gjeld dette på facebook-sida vår.
Medlemsskap kostar 200 i året og er god støtte til drifta av arbeidet i laget. Det kan både vippsast 763803 og betalast til konto 3207.37. 52026. Merk med “Medlemskap”. Alle som melder seg inn i laget, må også oppgje epostadresse om dei har.
Facebook-sida til laget har heile 644 medlemmer, og det er blitt ein svært god informasjonskanal for laget. Det er sjølvsagt gratis å vera med på den sida, men det gjev ikkje dei ovannemnde medlemsfordelane.
Bildet over viser 4 av medlemmene i skriftstyret, Astrid Haugland, Thor Inge Døssland, Torkel Stensletten og Svein Rimestad. Det 5. medlemmet, Harald Sætre, var opptatt med andre kulturhistoriske oppgåver då bildet blei tatt.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal