Uskedal Historielag er ein av ti kandidatar til Årets namn i Grenda. Kåringa tek til med ein utslagsrunde der tre kandidatar går vidare til finalen. Det er mange sterke namn på lista. Historielaget kjem neppe i finalen. men det er “ei fjør i hatten” å bli nominert. Det syner at media og folk flest har lagt merke til arbeidet Uskedal Historelag har makta å få til på kort tid. Fire år og fire bøker i tillegg til arkiv- og dokumentasjonsarbeid. Ikkje verst det. Sjå kva Grenda skriv om historielaget:

Uskedal Historielag har ikkje eksistert så veldig lenge, men du verden kva dei har rokke på kort tid. Laget har alt lansert tre bøker i serien Den nære fortida og nyleg gav dei ut boka om utvandringa frå Uskedalen. I år har laget både arrangert bokkveldar og stort utvandrarseminar. I tillegg til å registrera skriftleg arkivmaterieale og gamle fotografi.

Slik røystar du:

  • E post til Grenda: post@grenda.no
  • Telefon: 534 87 100
  • Internett: Bruk skjema på Grenda si heimeside
  • Post: Send slippen som du finn i papiravisa til Grenda
  • Personleg: Stikk innom redaksjonen i Skålagato

Fristen for å røysta i utslagsrunden er tysdag 2. desember kl. 09.00

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Grenda