Uskedal helselag i samarbeid med Rosendal helselag inviterte til føredraget “Ikke lett å glemme” av Marianne Mørck Danielsen i Aktivitetshuset i kveld. Tema var demens med vekt på livssituasjonen til pårørande. Marianne kjem frå Trondheim. Mor hennar fekk diagnosen Alzheimers sjukdom, 62 år gamal i 2010. Ho døydde på sjukeheim fjor. Føredragshaldaren har dei siste åra reist land og strand med innlegg på opne møte. Ho har podkast, er aktiv på sosiale medier og er ein god formidlar, noko alle fekk oppleva i kveld, nær på to timar med fin veksling med humor og det meir alvorlege.

Tema demens samla mykje folk i kveld.

Marianne Mørck Danielsen var innom dei ulike fasane pårørande opplever i møte med familiemedlemer som har Arzheimers sjukdom, om personlege kriser og kva tiltak ein bør ta i bruk for å letta situasjonen. Fasane er:

  • Uførebudd
  • Kaos
  • Ansvar
  • Ettertid

Stikkord som går igjen er mellom anna skam, mangel på kunnskap og informasjon, samordning av hjelpetenestene, kampen for endring og det å nå fram for auke i tenestetilbodet, vergeordning, bruken av primærkontakt og fokus på sjølvomsorg.

Marianne Mørck Danielsen er ein aktiv formidlar med bok, podkast og føredrag.

Etter 15 år som pårørande til mor med demens er det viktig å ta vare på seg sjølv oppi alt som er vondt og krevjande. Marianne har sjølv nokre tiltak som fungerer for henne. Ho er lidenskapleg soppbrukar. Saman med ei venninne kjøpte ho seg seglbåt, dreg på fjorden og er friluftsmenneske. Ikkje minst prøver ho å ha perspektiv på livet, reiser og opplever mykje.

For kort tid sidan vart Kvinnherad ein demensvenleg kommune. Ordførar Vegard Bjørnevik avslutta kvelden med helsing, takka Uskedal heslelag og alle frivillige for arbeidet dei gjer for å letta kvardagen for alle med hjelpebehov i kommunen.

Det politiske miljøet frå lokalt og nasjonalt nivå var på plass. F.v: Terje Kolbotn ( Raudt ) frå Odda, vararpresentant på Stortinget og Vegard Bjørnevik ( H ), ordførar i Kvinnherad.

Styreleiar i Uskedal helselag, Elin Legland, sa fram helsing til opning. Styremedlem Eva Reime Ljosnes takka og overrekte føredragshaldaren programmet heslelaget brukar i ei lokal demensgruppe i Uskedalen.

Arrangementet var gratis, noko som let seg gjera fordi helselaget søkte og fekk god støtte frå Kvinnheradstiftinga.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal