Uskedal helselag med Quiz kort som du finn i turvegen Dønhaug - Geilo og langs elva.
Nasjonalforeningen for folkehelsen har kvart år Hjarteveke med ulike aktivitetar. I 2021 er veka sentralt sett til 4. – 12. mai. Grunna Koronasituasjonen vil ikkje Uskedal helselag ha hjartemarsj denne våren. Som alternativ vil 10 stk. Quiz-kort hengja ute i ruta Dønhaug – Geilo – langs elva fram til og med 21.mai. Ta med papir og blyant, løys oppgåvene og send svar slik det står på korta.
Mellom dei med rette svar vert det trekt ut ei fruktkorg. 10 personar får trøystepremie. Det vert ikkje sett ut bøsser for å samla inn pengar til hjartesaka. Dei som ynskjer å støtta hjarteforskinga kan senda bidrag til
Vipps 501 209.
Med helsing
Uskedal helselag
Eli Roseth Eik
Tekst/foto: Eli Roseth Eik
Nett: Kristian Bringedal