Eli Roseth Eik held fram som leiar i Uskedal Helselag. Med seg i styret har ho: Jofrid Eik ( nestleiar ), Klara Bakke ( kasserar ), Randi M. Nybakk ( skrivar ), Karin S. Kjerpeseth ( styremedlem ) Varamedlemer: Astrid Haugse og Elin Legland. Revisorar: Haldis Åkra og Kjersti Bråtun. Utsendingar til Friluftslaget: Else Marie Eik og Vivik Rimestad. Turnemnd: Eli Roseth Eik og Astrid Haugse. Ut av styret gjekk: Line Soltveit. Inn kom Karin S. Kjerpeseth.  Årsmeldinga fortel om høg og omfattande aktivitet   på mange område.                          –

Helselaget søkte og vart tildelt midlar til Koronakafe i Gamleskulen.

Aktiviteter i lokallaget i 2021
• Fagdag/helsedag på skulen – Avlyst grunna Covid-19
• Servere frukt ved skulejoggen – Avlyst grunna Covid-19
• Skulefrukost – Elevrådet fekk kr. 1.780,- og ordna sjølv med frukosten
• Basar – Avlyst grunna Covid-19
• Hjartemarsj – Quiz-løype som hang rundt i bygda ein periode
• Demensaksjon vart avvikla som kombinert bøsse- og vippsaksjon
• Middag for eldre/enslige – Gjennomført 7.desember på Vertshuset Perla
• Sponsa førstehjelpskurs for 10.trinn ved Rosendal ungdomsskule i lag med
Seimsfoss/Rosendal/Løfallstrand helselag • Søkte midlar til innkjøp av klassesett med «Mini-Anne» til Uskedal skule og vart tildelt kr. 10.000,- frå TubFrim
• Barnehagane i bygda fekk gåvekort på kr. 500,- kvar til frukt før jul
• Betalt andel av fellesskilt på Gamleskulen
• Kjøpt nye elektrodar til hjertestartar i Hagetunet
• Fått kr 3.000,- i Folkehelseaktivitetsmidlar
• Fått kr 5.000,- i gåve frå ProFo Fonna til Kreftkafè
• Fått kr 767,- i koronatilskudd frå Nasjonalforeningen
• Fått kr 10.589,- i Grasrotandelen
• Fått inn kr 12.825,- i medlemspengar
• 3 gonger på Rosendalstunet med kaker i høve «Syng med oss» – Avlyst grunna Covid-19
• 17 gonger Koronakafè
• Møte på Rosendalstunet om Motstrømsbasseng – 2 deltakarar
• Årsmøte i Friluftslaget – 1 deltakar
• Fylkesårsmøte – Digitalt grunna Covid-19, 1 deltakar
• Inspirasjonssamling – 2 deltakarar
• Pål og Astrid Haugland vart tildelt Folkehelseprisen 2021. Utdelinga var på Sørestølen ved Vassverket, kombinert med opning av nye gapahukar v/Uskedal Musikklag. Servering av marsipankake.
• Våren 2020 var leiaren på Teamsmøte med Statsminister Erna Solberg og fortalde om Koronakafèen

Trimgruppa kvar måndag er ein fast aktivitet i Helselaget.

Laget har eiga Facebook-side der informasjon vert lagt ut. Helselaget pakka og sende 50 stk julegåver til Valen sjukehus. Det vart kjøpt 10 stk meir som vart gjevne til personalet ved Rosendals- og Husnestunet.


Uskedelingar ved sjukeheimane i Rosendal og Husnes, samt heimebuande i Uskedalen over 90 år, fekk juleblomar. Det var ingen uskedelingar ved sjukeheimen på Halsnøy og Ølve dette året. Juleblom vart også gjeve til Hagetunet.

Astrid og Pål Haugland vart tildelt Folkehelseprisen for 2021.


Gågruppa som starta i oktober 2010 er framleis i gang på tross av Covid-19.
Styrketreninga for vaksne/eldre som starta opp hausten 2014 er framleis i gang. I 2021 har det vore 16 treningsøkter med eit snitt oppmøte på 7 stk. Caroline Holmedal Saghaug var med ein gong. Ho informerte om Frivilligsentralen mm.

Tur i 2021:
Det vart ikkje avvikla tur grunna Covid-19.

Tekst: Henta frå årsmeldinga og møtereferatet
Foto/nett: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal