Dagen kom med strålande sol, nett slik vi hadde tinga. 31 personar var med. Den dyktige sjåføren, Alf Hellås frakta oss på smale vegar over øya. Fyrste stopp var Onarheim kyrkje. Dersom du tenkjer “berre ei kvitmåla kyrkje” må du tenkja ein gong til. Olav Skjellevik, pensjonert rektor med utdanning innan historie hadde mykje å fortelja om staden og kyrkja. Etter den norrøne gudelæra var Onarr morfar til Tor.

Frå somvisninga i Onarheim kyrkje.

Onarheim var ein av dei viktigaste tingplassane på Vestlandet. Staden hadde eige Gildesegl, seglet som seinare vart fylkesvåpen for Hordaland og no kommunevåpen for Tysnes Den øvre kyrkjegarden vert kalla Vossabakkjen. Fintfolk frå Voss vart gravlagde der sidan Onarheim var Olavskyrkje.

Gildeseglet i Onarheim kyrkje som seinare vart fylkesvåpen i Hordaland.

Kyrkja har også 4 sjeldne kongebiblar, timeglas til bruk under preika og mange andre skattar. Besøket der var svært vellukka.


Turen gjekk vidare til Haaheim gard der vi fekk nydeleg lunsj og god tid til å studera hagen. Som ei sa det, når vi kjem heim kan vi sei som i stilane på skulen. Vi var samde om at det hadde vore ein fin tur. 

Tekst: Eli Roseth Eik
Foto: Eli Roseth Eik/ Jofrid Eik
Nett: Kristian Bringedal