For mellom anna å nå kjapt ut med informasjon til brukarane er Uskedal Friluftslag å finna på Facebook. Det er alt registrert langt over 100 vener. Ein vil framleis finna informasjon om utleige og arrangement på nettstaden uskedalen.no. Uskedal Friluftslag med lover tilbake til 1967 har som føremål å verna om det som ofte vert kalla Stemneplassen, ein møteplass som ein park i Skårhaug.

Minneplate med tekst frå Song til Uskedal av Wilhelm Bjelland.

Bakgrunnen er ei gåve frå familien Wilhelm Bjelland om at arealet skal vera ei bygdeeiega, eit friareale som ein park å rekna,. Alle lag, humanitære og politiske, skal ha lik rett til å nytta eigedomen til sine tilstellingar med sine program slik det høver best for dei.

På Facebooksida vert det lagt ut kort informasjon om pågåande arbeid, møterommet og arrangement. Det er ei rimeleg leige for møterommet. Faste brukarar nyttar seg av ordninga med årsleige. Det neste på programmet no er å få opparbeidde turstiar opp mot toppen på Skårhaug der det er utsiktspunkt og gapahuk. Den årlege friluftskonserten med Uskedal Musikklag og andre aktørar og trekking av vedlotteriet er tysdag 10. august. Gå inn og klikk LIKAR på Facebook og du mottek naudsynt informasjon.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Ordin Østebø