Bruvedlikehald Vestland Fylkeskommune skriv i ei pressemelding at Uskedal Bru vert stengt mellom kl. 22.00 på kvelden til kl. 06.00 på morgonen. Dette gjeld kvar natt frå i kveld, fredag 28. august til og med fredag morgon 3. september. Årsaka er vedlikehaldsarbeid på brua. Melake Gebremichael er byggeleiar for bruvedlikehald i fylkeskommunen.

Det er omkøyring via Kjærlandssido, Haugland og Døssland. Stenginga er skilta. Alle tungtrafikk, som ikkje kan gå via Hauglandskryssen, må køyra om Skånevik. Då det ikkje sagt noko om gangbrua, må ein rekna med at den er open for gåande og dei med sykkel.

Vedlikehaldsarbeid gjer at Uskedal Bru er stengd kvar natt fram til fredag morgon i neste veke.