Det er trippelmarkering i år, på ein og same dag. Morsdag, fastelavenssundag og valentines. Det siste vert markert med hjarto på Uskedal bru. Marianne Borgen, born og andre vil på denne måten markera morsdagen og valentines i ei usikker tid med Covid 19, men også i kampen om å behalda skule og barnehage i Uskedalen.

Ei kort oppsummering om morsdagen og fastelavenssundag.

Morsdag, andre sundag i februrar. Feiringa har sin bakgrunn frå USA, frå ei preike i 1907 om det fjerde bodet og om morskjærleik. Frå USA kom tradisjonen til ein metodistkyrkjelyd i Bergen og vidare forsterka i kvinneorganisasjonane i Noreg.

Borna har tenkt på at alt skal bli bra den dagen vi er ferdig med koronaen.

Fastelavenssundag er tre dagar før oskeonsdag, dagen som innleiar fastetida, 40 dagar fram mot Påske. Fastelavensbollar og fastelavensris høyrer dagen til.

Morsdagen og valentinesdagen er med i markeringa på brua i dag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Marianne Borgen