
Uskedal Brannstasjon - viktig del av Kvinnherad Brann og redning, også i framtida v/ Svein Arne Eidsvik.
Viser til tidlegare uttale frå bedrifter i nærområdet til Uskedal brannstasjon. På førespurnad frå Svein Arne Eidsvik svara brannsjefen ut moa i e-post av 08.06.25. Status: Uskedal brannstasjon. Mannskap: Løn utbetalt i 2024 er kr. 442.900,63 uten sos. kostnader. Ein må rekruttera fleire som treng lovpålagt utdanning + mannskap som manglar pålagt utdanning og kurs. Brannstasjonen: Alle dei seks pålegga går inn i kvarandre så alle gjaldt/gjeld og for Uskedal stasjon. Konkret for Uskedal er følgjande gjort:
• Ein har kartlagt og risikovurdert situasjonar der ein arbeidstakar kan verta eksponert for kjemikaliar, brannrøyk og andre gassar
• Ein har tilbyd alle mannskap vaksinasjon
• Ein har fått på plass rutinar på skadestaden
• Ein har rutine for transport til/frå skadestaden
• Ein har fått på plass vaskeutstyr for kontaminert utstyr ved Husnes stasjon. Her kjem Uskedal for vask av utstyr, bil, klede og kropp før dei kjører tilbake til Uskedal med reint tøy, etter ei hending. Dette er ein midlertidig løysing til ny stasjon blir bygd i Uskedal. Uskedal har fått bil med sikkerheitseler
• Verneombod blir teken med på råd som omhandlar Uskedal stasjon
• Det er oppretta KMK-register
Vi vel å tru at ut frå ovannemde er Uskedal brannstasjon ein viktig ressurs for beredskapen i kommunen, og at det må arbeidast med å få fram kostnader med ombygging ihht kommunestyrevedtak av 18 juni 2020.
Ein må og få fram kostnader for ny brannstasjon som nemt i brannsjefen sin e-post av 08.06.2025.
Beredskap: Vi nemner nokre sitat frå tidlegare brannsjef Atle Josdal (Kvinnheringen 20 mai 2022): Dobbelt så mange utrykningar ( 87 – 2010 – 168 – 2021). Langstrakt kommune – kvinnheringane skal vera glade for at KBR har utvida kunnskap og erfaring med førstehjelp – First responder
I den tidlege fasen er prinsippet å vera føre var i mobliseringa – Det er betre å senda ressursar i retur, enn å koma bakpå med sløkkinga. I 2021 rykte KBR ut til heile 20 trafikkulykker.
I Kvinnheringen 27 mai 2025 uttalar brannsjef Øyvind Ousdal:
Vi har fantastiske tilsette i heile kommunen. Dei er trente og rusta både fysisk og psykisk til å rykkja ut ved behov til mange hendingar.
Viser til eitt punkt i innstilling frå kommunedirektøren: På den andre sida kan det også vera gode beredskapsmessige argument for å ha brannstasjon mellom Husnes og Rosendal.
Kostnader: I Beredskapsanalysen er Driftskostnader Uskedal brannstasjon kr. 654.000,- + straum og div kostnader. Vidare er det nemt at samla årlege driftskostnader for Uskedalen, Varaldsøy, Åkra og Fjelberg vil sannsynlegvis verte opp mot tre millionar kroner, inklusive avskrivingar.
Vi forventar at de som folkevalde lyttar til innbyggjarane – tenkjer tryggleik og beredskap, og ikkje gjer vedtak ut frå tal på eit rekneark, som på kort og lang sikt svekkar brann og redningsberedskapen i heile kommunen. Vi stiller spørsmål om de som politikarar kan gjera vedtak i tråd med innstillinga frå kommunedirektøren basert på store usikre tal. Ref punkt 7 i innstillinga:
Kommunedirektøren skal legga fram forslag til handlingsplan i samband med budsjett- og økonomiplanarbeidet hausten 2025.
Det er god politisk styring å få detaljerte kostnader og ein handlingsplan på bordet før ein gjer vedtak om endringar i Kvinnherad brann og redning.
Med venleg helsing for
Bedrifter i nærområdet til Uskedal brannstasjon
Svein Arne Eidsvik
Tekst: Svein Arne Eidsvik Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal