Med bakgrunn i vedtak på årsmøte i Uskedal Bondelag er det skrive og sendt uttale i saka om klimagassutslepp og tiltak landbruksnæringa vert pålagt i tida framover. Overskrifta er: Cruiseskipa sig forbi medan kyrne får for med metanhemmar. Fråsegna er grundig og godt skriven. Uttalen er komen med i det sise Bondebladet, som er den landsdekkande avisa for næringa. Uskedalen.no vel å ta med heile uttalen. Les meir.

I følgje SSB stod jordbrukssektoren for 9,5 prosent av Noreg sine totale utslepp av klimagassar i 2022. Samla står Noregs innlandsutslepp for cirka 0,1 prosent av dei samla klimagassutsleppa i verda. Så alt vi sleppe ut i Noreg, utgjer berre 1 promille av samla utslepp i verda.

Dette er interessant og blir aldri nemnt. Våre totale utslepp utgjer berre ein dråpe i havet, same kva vi gjer. Likevel så skal vi setja himmel og jord i bevegelse for å redde verda. Det er ikkje ein gong konsensus blant forskarane om kor mykje av klimaendringane som er menneskeskapt og kor mykje som er naturlege variasjonar.

At ein del av det vi ser, skuldast den industrialiserte verdas utvikling og privatforbruket i dei same landa, over lang tid, kan det vel ikkje vera tvil om. Vi treng ikkje vera forskarar for å sjå det. Ta for eksempel flyreiser som er ein av verstingane i verda.

Før koronaen var det noko som heite flyskam. Etter koronaen er det gløymt, og det har aldri vore så mange fly i lufta samtidig i verda som i år. Og Kari og Ola Normann toppar den lista, seiest det.

Det er i alle fall ikkje norske bønder som har moglegheit til det. Vi må nøya oss med å sjå cruiseskipa segla inn og ut fjorden. Men kva skjer, jau landbruket i Noreg har teke mål av seg å berga verda, sjølv om vi aldri vil klara det.

Landbruket har sjølvsagt, i forhandlingar med staten, forplikta seg til å redusera utsleppa monaleg innan 2030. Så no går ein laus på husdyra våre for at vi skal oppnå det. Dei kan sjølvsagt ikkje noko for at dei har rapa sida skapinga av. Hadde drøvtyggarar vore eit problem, så hadde dette vore oppdaga for lenge sidan og jorda hadde gått ut av tida forlengst. Vi løyser ikkje verdas klimaproblem om kua rapar eller ikkje. Dei som trur det, må tru om att.

Kua er eit naturprodukt, skapt av naturen og har sin naturlege plass i økosystemet og naturen. Landbruket klarer ikkje å få fram kor stor karbonfangst fotosyntesen faktisk gjev, på det samla arealet bøndene brukar i sin produksjon, og heller ikkje at utslepp frå drøvtyggjarar faktisk er ein del av eit naturleg biologisk kretsløp, der karbon/CO2 blir fanga før det vert slept ut igjen.

Utsleppa frå våre husdyr, inkludert metan og CO2, er ein naturleg del av dette kretsløpet og aukar ikkje klimatrykket. Men no skal det altso bli andre bollar. Forsøk har starta med at mjølkekua får metanhemmar i fôret, og dermed skal ho rapa mindre metangass. Mjølka er alt til sals i butikk under namn som «Fremtidsmelk» frå Tine, og «Klimamelk» frå Q-Meieriene. Det er berre eit problem. Dei har ikkje spurt om vi som er produsentar og eigarar av dyra, ynskjer å vera med på denne galskapen.

Ein ting er også at det produktet som no vert testa, er utvikla av internasjonale selskap som sjølvsagt skal tena seg rike på dette. Vi har fått opplyst at dette vil kosta over 1000 kroner for kvar ku per år. I tillegg kjem alle ungdyr som også må ha dette, og seinare alle sauer og geiter. Dette blir ein stor ekstrakostnad for næringa.

Det stoppar ikkje med det, i følgje MetanHUB-teamet som arbeider med dette, så må kua ha dette inntaket annankvar time døgeret rundt for ikkje å sleppa ut metan. Det er ikkje mykje om dagen som trengs, mindre enn ei teskei per ku. Dei fleste av oss har ikkje eit slikt fôrregime at vi får til det.

Og korleis skal vi få dette til når dyra går på beite om sommaren? Dette gjeld som sagt alle drøvtyggjarar, storfe, sau og geit, som skal ha dette innan 2030. Kva dei har tenkt å gjera med alle ville hjortedyr, det må gudane vita. Dei er drøvtyggjarar dei og.

No veit vi ikkje mykje om innhaldet i dette tilsetningsstoffet. Så langt vi kan sjå frå Q-Meieriene si heimeside, så er eit av stoffa salpetersyre eller betre kjent som nitrat (E251), og eit anna er Propandiol. Om dei har noko meir på lur, veit vi ikkje.

Det seiest heile tida at dette er ufarleg for både folk og fe. Vi har ikkje noko grunnlag for å trekkja den påstanden i tvil, men det er først etter 3–5 års bruk vi vil sjå eventuelle bivirkningar.

At mange forbrukarar og produsentar er skeptiske,det må dei som har funne på dette tullet leva med. Det er heilt klare krav til forbruk i mg/kilo av dette tilsetningsstoffet i godkjenninga frå Mattilsynet, som igjen er basert på Den europeiske godkjennelsen (EFSA).

Det kan umogeleg vera berekraftig at vi skal måtta behandla friske dyr med kjemisk framstilte tilsetningsstoff resten av livet. Dette er ein kjemisk behandling, som kua ikkje treng for å leva eit godt liv. At vi skal måtta tukla med naturen på denne måten, er både heilt utruleg og uetisk.

Det er mange ting ein kan ta tak i når det gjeld å redusera utslepp frå landbruket, og mange av desse arbeider vi med kvar dag. Dei fleste bønder er både innovative og godt framoverlente. Ein av dei tinga Norges Bondelag kan ta tak i, i staden for å gå laus på kua, er å få skogen med i klimarekneskapet. Skogen sluker karbon, og i Noreg tek den opp og lagrar store mengder klimagassar.

I 2021 utgjorde dette over 20 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det utgjer 30–40 prosent av samla utslepp i Noreg. Hadde vi teke med skogen, hadde reduksjonen vore godt synleg og ein kunne spart næringa for store investeringar. Her har Noreg ein heilt annan måte å rekna på enn EU.

Mange bønder slit økonomisk no. Det kjem nye krav heile tida, noko som gjer at mange bønder kjem til å slutta i løpet av dei neste åra. Mange unge bønder i vårt område har investert i nye fjøs. Vi kjenner fleire som vurderer å gje seg, fordi dei får ikkje endane til å møtast. Misser vi ungdomen i næringa, så er løpet køyrt. Vi kjem ikkje til å nå kravet om meir sjølvforsyning på denne måten.

Det er eit ordtak som seier at «medan graset gror, så døyr kua». Dette passar godt på mykje av det som hender i næringa no om dagen.

Tekst: Uskedal Bondelag
Foto: Marie Hatlevoll
Nett: Kristian Bringedal