Bakgrunnen for den kritiske uttalen frå Uskedal Bondelag er at næringa har forplikta seg til å jobba for å kutta klimagassutslepp ved å bruka fortilskot for å redusera metanutsleppa. Med andre ord: Ein vil behandla friske dyr med kjemisk framstilt nitrat. Bonde Hans Reidar Kjærland skriv innlegg i Bondebladet, også lagt ut på facebook. Les kva han skriv:

Det er på tide at bønder vaknar og seier klart ifrå at dette finn vi oss ikkje i. Dette er rett og slett eit maktovergrep som vi ikkje har sett maken til i vår tid. Uskedal bondelag var først ute med å setja dette på dagsorden for fleire år sidan, gjennom fleire lesarbrev i Bondebladet. Det kan ikkje vera bærekraftig å behandla friske dyr med kjemisk framstilt nitrat (E251) annakvar time i heile dyrets levetid. Effekt 15-20 % reduksjon i metanutslepp når kua rapar.

Større galskap skal ein leita lenge etter. Ikkje eingong Riksrevisjonen ser noko nytte av dette tullet. Skal ein sjå noko positivt i dette, så må det vera at etterspørselen etter økologisk mjølk og kjøtt vil auka. Nitrat er bannlyst i økologisk produksjon og det kjem det til å bli til evig tid, men det var vel ikkje det som var meininga.

Landbruksnæring er sterkt splitta i synet på bruk av metanhemmarar i foret. Tiltaket er omstridd og har stor merksemd i media.

Tekst: Kristian Bringedal/ Hans Reidar Kjærland
Foto/nett: Kristian Bringedal