Uskedalen Bondelag er med i eit prøveprosjekt der dei skal bruka drone for å sprøyta bjørnebærkratt på nokre utvalde bratte beite. Bakgrunnen er søknad sendt 30. september om løyve til sprøyting frå luftfarty. Søknaden er sendt via Norsk Landbruksrådgjeving. Sprøytinga er definert som eit prøveprosjekt der det skal brukast eitt plantevernmiddel og berre ein gong. No er løyve på plass.

Beiteområda ligg på søre Kjærland og på Haugland. Sprøytinga skal gjennomførast i vekstsesongen 2025. Mattilsynet har sagt ja til tiltaket. Tilsynet har også testa sprøyting med drone mot bjørnebærkratt på nokre utvalde bratte beite.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kartskisse
Kjelde Morten Nygård - Grenda