I morgon, sundag 21. april, kl. 11 er det møte på Bedehuset. Talar er Arne Lindekleiv frå Husnes. Arne er tidlegare kyrkjeverje i Kvinnherad. Over lang tid har han vore og er ein aktiv og sentral person i drifta av Husnes Bedehus. For to veker sidan var Lovsongbrørne frå Stord på møte Uskedalen med Bjerkrheim program. I den 30 år gamle songgruppa med 19 menn finn vi tre kvinnheringar. Dei øver annakvar måndag i Leirvik bedehus. Hans Gunnar Aadland er musikalsk leiar. Songane vert framført fleirsteimt og med piano til tonefylgje.

Møteleiar på møte då Lovsongbrørne var gjester var Tormod Myklebust. Han har sjølv vore elev på Fjellhaug Misjonsskule.

På møte i Uskedalen fekk vi mellom anna høyra dei mest kjende songane av Trygve Bjerkrheim slik som: Han tek ikkje glansen av livet, Det er makt i de foldende hender og Den evige rikdom. Bjerkrheim var teolog, forkynnar, redaktør for bladet Utsyn og lærar på Fjellhaug Misjonsskule.

Tre kvinnheringar er med i Lovsongbrørne. Dei bur alle på Stord i dag. F.v: Audun Fausk, Gudvin Hovda ( fødd på Døssland og har del av slekta si frå Uskedalen ) og Kåre Henning Isdal.

Trygve Bjerkrheim skreiv dikt, salmar, prosa- og andaktsbøker. Av heile 15 000 tekstar er det sett melodi til om lag 12 000 av desse. I dag finn vi tekstane hans i Norsk salmebok og i Sangboken. Han skreiv både på nynorsk og bokmål.

Tema som går igjen i songane hans er: Skaparverket, frelsesverket, teneste og misjon. Bjerkrheim var sentral i arbeidet med å få til radiomisjon. Det var difor naturleg at offegåva denne sundagen gjekk til Nordea Radio.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal