Tilsette i Uskedal barnehage lagar Powerpoint presentasjon med overskrifta Liten barnehage rommar mykje. Med bilete og kort tekst vert det lagt fram informasjon om ein trygg og inkluderande barnehage med aktivitetar inne og ute. Presentasjonen er viktig i ei tid då framlegg til ny barnehagestruktur ligg ute til høyring.

Barnehagen i Uskedalen er viktig for bygda og nærmiljøet. Barnet er i fokus saman med omsorgsfulle vaksne. Barnehagen er trygg og oversiktleg ute og inne. Presentasjone har med bilete mellom anna frå:

  • Nytt mummihus og ny sjørøvarkute
  • Akebakken
  • Ny og fin klatrepark
  • Kunstgrasbane
  • Fine turmuligheter og kort veg til badestranda
  • Kinorom med digtal tavle
  • Lesekrok

Presentasjon Power point: Uskedal barnehage

For dei som ikkje har Power point instalert på sin maskin er dokumentet tilgjengeleg som pdf: Uskedal barnehage

Tekst: Kristian Bringedal
Foto: Frå presentasjonen
Teknisk hjelp: Hans Ordin Østebø