I dag har det vore Uniform på jobben - dagen.
I dag, 6. desember, markerer Heimevernet Uniform på jobben – dagen. Det vert gjort slik at HV soldatane vert oppmoda om å bruka uniforma på arbeidsplassen eller i andre samanhengar. Meir enn 40 000 kvinner og menn kan har i dag hatt høve til å bruka uniforma på arbeid. Målet er å visa kva rolle Heimevernet har ved beredskap og i det sivile samfunnet, ved redningsaksjonar og større katastrofer. Det er nok å nemna jordskredulukka på Gjedrum. I to år med pandemi har også Heimevernet hatt ein sentral rolle ved hjelp og støtte. Den siste tida har heimevernssoldatar vore vaktstyrke ved oljeinstallasjonar og ved andre samfunnskritiske objekt. Bilete syner områdesjef i HV, Tor Vidar Sæle med uniforma på.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto