Uskedal ungdomslag jobbar godt og det har dei gjort i alle dei 50 åra etter det store NU stemne i 1973. No etterspør dei nye styremedlemer med ansvar for rekneskap og for utleige.

Til årsmøtet i mars treng vi å få inn nye medlemmer til styret, då alle i dagens styre har site utover sine periodar og må få avløysing. I tillegg til Anita Enæs, som i dag er leiar og tek attval, har vi rekruttert 3 nye, motiverte styremedlemmer. Det som gjenstår er å få på plass dei 2 siste, viktige brikkene som kasserar og nestleiar med ansvar for utleige.

Mange i Uskedalen er allereie engasjert i lag og organisasjonar, men vi håpar det finnes fleire som har lyst å vera med i vårt lag og. Så om du kan tenkja å ta på deg eit av desse verva, ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Anita Enæs held fram i styret i Uskedal ungdomslag, men ho treng å få med seg nye styremedlemer.

Det er veldig kjekt å vera med i ungdomslaget. Gode tilbakemeldingar frå bygdefolket om arbeidet vi gjer, både med Helgheim og Fjelly, gjer det ekstra kjekt å driva laget.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Oppdattert: H.O.Østebø/Anita Enæs
Foto: Arkivfoto