Ungdomslaget treng hjelp til organisering av dansekveldar i Helgheim
Uskedal ungdomslag spør om praktisk hjelp med å få til swingkurs og dans i Helgheim. Styreleiar Anita Enæs fortel til uskedalen.no at ei dame frå Husnes med interesse for dans vil ha samlingar om lag ein gong i månaden. Ho vil ha styringa og skaffa instruktørar, men treng praktisk hjelp til førefallande oppgåver i Helgheim. Det kan vera billettsal, styra musikken og evt. hjelp med litt servering i pausane. Det er trong for 2 – 3 personar kvar gong. Dersom nokon vil vera med på dette, ta kontakt med Anita Enæs i Uskedal ungdomslag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto frå dansekurs hausten 2022