På årsmøtet til Uskedal Ungdomslag kom det, ikkje uventa, fram at ein gjekk med underskudd i 2020. Som mange andre fekk oppleva dette året, fall nesten all inntektsbringande aktivitet bort då Noreg stengte ned pga. Covid-19 pandemien i mars. Underskuddet i 2020 klarte ein å dekka inn med oppsparte midlar, men no minkar det på desse og vi vil ikkje klara å dekka dei vanlege driftskostnadane som straum, vatn, boss, forsikring etc. frametter med mindre vi får fylt på kontoen.

Både Helgheim og ungdomslagshytta Fjelly har blitt oppgradert og pussa opp dei siste åra – mesteparten ved hjelp av midlar ein har søkt på og fått tildelt. Desse midlane er tildelt og øyremerka spesifikke prosjekt, og kan difor ikkje brukast til vanleg drift. Vi har trua på, og håpar, at vi får lov til å koma i gang i normal gjenge og få liv i Helgheim igjen på seinsommaren/tidleg haust, men til dess treng vi no at alle Uskedelingar, og andre som er glad i Ungdomslaget, Helgheim og Fjelly blir med på ein dugnad og får oss over kneika.

For å støtta oss kan du:

  • Bli støttemedlem til Ungdomslaget ved å betala kr. 150,- til kontonr. 34600750145 eller
  • Vippsa til Uskedal Ungdomslag. Her kan ein og velgja å gje eit valfritt beløp som gåve
  • Støtta Spleisen «Uskedal Ungdomslag treng hjelp» på Facebook med eit valfritt beløp.
  • Støtta oss via Grasrotandelen til Norsk Tipping

Vi gjer og merksam på at vi kjem til å senda ut rekning på årskontingenten til dei som er medlemer i ungdomslaget i nær framtid. Dersom du har lyst å bli medlem i ungdomslaget, kan du senda ein e-post til: helgheim.5463@gmail.com

Vi i styret i Uskedal Ungdomslag er optimistiske på at vi skal koma oss igjennom denne vanskelege tida. Og medan vi ventar på at vi skal få lov å opna Helgheim og Fjelly for normal aktivitet igjen, brukar vi tida på å planleggja arrangement for store og små, ung og gamal som vi kan arrangera frå hausten av.

Kom og bli med oss på denne dugnaden.

Tekst: Anita Enæs - leiar
Foto: Uskedal ungdomslag
Nett: Kristian Bringedal