Ungdommane er viktige for Spar.
-Vi har vore veldig heldige. Ungdommane som arbeider, og som har arbeidd hos oss, er veldig kjekke, flinke og ansvarsfulle. Dei er svært lærevillige og er interessert i å stå på og gjera ein god jobb. Dei er eit flott supplement til den faste gjengen, og for oss er dei heilt uunnverlige, seier dagleg leiar Gunn Mari Moberg ved Spar Uskedalen. Til saman er det no 11 ungdommar, frå først i 20-åra og ned til dei som nærmar seg 18 som jobbar der. Bildet over viser at det var god og ungdommeleg stemning i “kjøkkenavdelingen” då eg var innom. Vi ser Lene Løyning(t.v.) og Marlin Inntveit saman med dagleg leiar Gunn Mari Moberg.
Blant desse 11 er det tre som er nye i staben denne sesongen. Det er Merethe Myklebust, Saima K. L. Døssland og Susanne Kabbe. Travelt opptatt som dei var med arbeidet sitt, hadde eg kjappe samtalar med dei to førstnemnde. Begge trivest veldig godt på Spar og rosar kontakten både med leiarar, andre tilsette og kundane. Dei set pris på at det er varierte oppgåver, at det alltid er noko å gjera, og såleis går arbeidstida fort. Merethe studerer ved BI i Bergen og har tidlegare hatt sommarjobb ved Hydro Husnes, medan Saima framleis er elev ved Kvinnherad vidaregåande skule. Der skal ho starta på siste året på studiespesialiserande til hausten, og ho blir også å sjå på Spar etter sommarferien. Då skal ho jobba deltid der. Saima har tidlegare jobba ved Rabben Feriesenter AS.
Fleire av dei som no er ferievikarar, kjenner kundane godt då dei har bakgrunn både som ferievikarar tidlegare år og som deltidstilsette. Mathias Børve, Fredrik Haugland, Aurora N. Mathisen, Lene Løyning, Marlin Inntveit og Margrethe Hillestad høyrer til denne kategorien.
-Vi får kvart år litt naturleg avgang då nokre blir ferdige med studiar og søkjer seg vidare i yrkeslivet. Lene er no blant desse. Ho er ferdig med studiar og dermed jobbsøkjar. Og så misser vi Fredrik som har vore på deltid i halvtanna år. Han er ferdig med vidaregåande og skal snart i militæret. Dermed må vi heile tida ha behovet for nye tilsette i tankane, seier den daglege leiaren.
Ho er også svært imponert over og glad for at nokre som studerer i Bergen, likevel kjem heim og jobbar på Spar i helgar. Marlin er ei av dei som har gjort dette i fleire år, og med eitt studieår igjen i byen mellom dei sju fjell, kjem ho til å fortsetta med dette. Gunn Mari er også glad for at dei har fått behalda ungdommane gjennom mange år, for det skaper ein god og stabil stab.
Ho gler seg også over at to av dei som har komme inn på korttidsavtalar no er fast tilsette. Det er Eirik Skogseth og Kjetil Aakre. Eirk har tatt fagprøven for ei tid tilbake, og Kjetil er også godt igang med teorien.
-Det er veldig kjekt, og begge dei supplerer staben vår på ein veldig god måte.
Frå kundar høyrer eg ofte mykje positivt om Spar Uskedalen. Alle utmerkingane dei har vunne, er også bevis på det. Den positive og serviceinnstilte betjeninga er godt innarbeidd. For ungdommar er det ein perfekt plass å starta i arbeidslivet. Eg er sikker på at den positive ballasten dei får med seg frå Spar Uskedalen, vil dei ha god nytte av seinare i yrkeslivet.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland