Ulvanåso og Skorpo kan få UNESCO status.
Av 13 område i Kvinnherad er Ulvanåso og Skorpo med på lista over lokasjonar som kan få UNESCO status frå våren 2023. Det kjem fram i ei melding frå Geopark Sunnhordland. Det er Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Universitetet i Bergen og Noregs Geologiske undersøkelser som har jobba med grunngjeving for å oppnå status på UNESCO lista. Målet med arbeidet er mellom anna å gje oppveksande slekter kunnskap om landskapet og korleis berggrunnen har prega kulturen vår. UNESCO status vil forsterka Kvinnherad og Uskedalen som eit internasjonalt reisemål.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal