
TV aksjonen - Takk til bøsseberarane og til alle for god støtte.
Innsamlingsleiar i Uskedalen, Hilde Bringedal, takkar bøsseberarane for ein flott innsats på innsamlingsdagen. Alle vart tekne godt i mot i bygda. TV aksjonen i år skal hjelpa born som er ramma av kreft eller andre alvorlege sjukdomar. For pengane skal Barnekreftforeninga få på plass familiehus nær universitetssjukehusa i Trømsø, Trondheim, Oslo og Bergen. Om det skulle vera slik at ein ikkje var heime i dag og ikkje har fått lapp på døra, er det mogeleg å vippsa til 2133. Bilete på topp syner: Ingvild Tvilde, Aurora Tarberg og Sina Øye-Hansen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hilde Bringedal