I går vart det gjort eit forsøk på den nye turvegen til toppen på Skårhaug. Målet var å prøva om det let seg gjera å ta seg fram med elektrisk rullestol. Slik vegen ligg i terrenget og er planert og pakka, går det fint, jamvel om det er nokre parti med noko stigning. Traseen vart prøvd begge vegar, frå begge sider av Skårhaugtoppen. Det er også god snuplass på toppen. Tor Ove Haugland frå Haugland Maskin har god tru på at resten av vegen ned til Stemneplassen vil vera like godt eigna for rullestol. Slik traseen er tenkt, vil stigninga vera slakkare på det som står att før ferdigstilling.

Med godt planert og pakka veg går det fint å ta seg fram med elektrisk rullestol til toppen på Skårhaug.

Ein elektrisk rullestol er definert som motorisert køyretøy. Elektrisk rullestol som køyretøy er difor eit av unnataka som vert gjort for at alle uansett rørslehemming skal kunna ta seg fram til Skårhaug. Ein vil ikkje tillata moped, motorsyklar eller andre motordrivne køyretøy. Nyttetrafikk med t.d. ATV ved dugnad kan bli aktuelt.

Styret i Uskedal Friluftslag vonar turvegen i Skårhaug vil vera til nytte og glede for alle. No veit vi at traseen kan brukast av dei med elektrisk rullestol. Dermed kan alle, om enn med noko hjelp, koma seg på Skårhaug og sjå bygda med den vakre utsikten.

På toppen er snuplassen tilrettelagd for motorisert rullestol. Eli Bringedal Myklebust var den fyrste som prøvde turvegen med rullestol.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal