Turar i den vakre naturen rundt oss er noko av det viktigaste Uskedalen, og Kvinnherad elles, har å tilby både fastbuande og tilreisande. Då er der viktig med god merking og skilting slik at turgåarane kan ferdast trygt på nye plasser. I Uskedalen er det turgruppa i Uskedal idrettslag som har ansvar for merking av turstiane. Tidleg i sommar gjekk leiar i turgruppa, Steinar Haugland, ut her på sida og bad om hjelp frå frivillige til dette arbeidet. No melder han om svært god respons, og turgruppa er svært takksame overfor dei mange som har stilt opp, og har hjelpt til med merkinga. På bildet over ser vi både T-merking og stegajarn som er utført av Kurt og Pål Haugland i skaret inst i Eikedalen.

Kurt Haugland viser fram stegajarn som er komne på plass i skaret inst i Eikedalen.

– No er så godt som alt av turstiane rundt Uskedalen nymerka. Det var ikkje krise, men merkinga var begynt å bleikna, og no har mange hjelpt til slik at merkinga er friska opp att. Mange har meldt seg etter oppmodinga vi gjekk ut med, og andre har svara ja med ein gong når dei har blitt spurt, seier Steinar Haugland som er svært glad for at dette viktige arbeidet er gjort. Han legg til at det har gått med ca. 11 liter raudmåling, og Uskedal idrettslag har brukt ca. 4000 kroner på måling og kostar.
Han er svært takksam for alle som har stilt opp, og vi nemner dei her:

  • Jørgen og Oddlaug Y. Jørgensen: Til Halsane og vidare til Solfjell.
  • Kjell Yri: Frå ungdomslagshytta “Fjelly” til Solfjell(Råkjo).
  • Håvard Stensletten Eik: Frå Eikedalskaret til Englafjell og vidare ned til Såto.
  • Kari og Svein Ove Bråtun: Frå Padlane til Manen.
  • Pål og Kurt Haugland: Inn Eikedalen til Eikedalskaret. Dei har også sett inn stegajern for å gjera det lettare og tryggare å koma seg fram på ein vanskeleg plass i Eikedalskaret.
  • Cathrine, Steinar og Solveig Haugland: Nåso
  • Frode Stensletten: Til Såto. Saman med Kurt Haugland skal har bora fast stegajarn på ein vanskeleg plass på vegen til Såto.
  • Astrid Ljone, Anne Kristin Fausk + hyttefolk: Skorpefjellet.
Pål Haugland testar stegajarna inst i Eikedalen under nøye kontroll av dugnadshunden Sanka.

Steinar Haugland fortel at det kjem mykje ros frå turistar for at turstiane i Uskedalen, og i Kvinnherad elles, er så godt merka. Det er gode skilt, infotavler og god T-merking. Det blir sagt at Kvinnherad utmerkar seg svært positivt på dette området.

Desse er med i turgruppa i Uskedal idrettslag i tillegg til leiaren Steinar Haugland: Svein Ove Bråtun, Tor Vidar Sæle, Asle Moberg og Endre Nilsen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Foto: Kurt og Pål Haugland