Tur til Tysnes og Håheim gard, laurdag 31. august.
Buss frå Uskedalen, Gamleskulen kl. 08.30. Dimmelsvik Bil kl. 08.50 Rosendal, Kaien kl. 09.00. Vi kan ta opp deltakarar langs vegen, sei frå til Eli kor du vil koma på bussen. Ferja går kl. 09.30. Turen går fyrst til Onarheim kyrkje. Der vil Olav Skjellevik fortelja om kyrkja og øya. Lunsj på Håheim gard kl. 13.30. Meny – kjøttgryte med det som høyrer til, dessert og kaffi/te. (Sei frå om eventuelle allergiar) Pris kr. 525.00. De kan betala på førehand med vipps til Eli tlf. 957 86 228 merk med “tur” eller kontant når de kjem på bussen. Bindande påmelding innan 20.08.24. til Eli tlf. 957 86 228. Etter lunsj vert det hagevandring. Retur med ferje kl. 18.00 frå Gjermundshavn.
Tekst: Facebook Uskedal Helselag Foto: Pressefoto - Håheim gard Nett: Kristian Bringedal